Shalom!

Og god jul og godt nyår!

I år skal eg, Ingrid, få opplysa dykk om at liv og helsa framleis er intakt, at ingenting har endra seg til det betre frå julebrevinnleiinga 2008 – aldri har me vel vore så langt unna å gje mamma og pappa svigersøner og -døtre og barnebarn. Men 2010 må me vel kunna vera samde i at fell under kategorien eit godt år! Eg har hatt eit heilt mainiac siste halvår på Øytun folkehøgskule i Alta, med ski, klatring, brevandring, bålkos og uteljelege forsøk på å verta litt barskare. Sjølv trur eg eg kan seia meg nøgd med utviklinga, eg har starta ein sunn prosess med leggmuskelekspanderinga. Den har eg prøvd å halda ved like på dansinga (Boogie Woogie) i haust. Eg har nemleg flytta inn til Sobjørg og Magnar i Huset med dei rare i i Bergen. Det er stor stas – Magnar og eg delar rom, og trass islag på innsida av glaskarmen og tidvise regnbyger på toalettet, er stemninga høg! Me dansar alle tre, og NM i Lillehammer i Oktober var utan tvil eit høgdepunkt. Eg seier aldri neitakk til ein sisteplass eller to...

Pappa og Astrid kona hans lever sitt vante liv på Radøy, og det er alltid triveleg å koma heim til nyrøyrte rips og middag. Pappa har dessutan saga ned halve skogen bak huset saman med onkel Andre, så der har me gripe bålkosmogelgheita – og ingenting er vel så kjekt som det. Meine liebe Eltern er dessutan stadig på reisefot, og omlag annakvar gong eg ringer heim viser dei seg å vera ein stad i det store utland, der dei får sett både eine og hin turistattraksjonen, og greier seg sjølv på engelsk og alt! Og i påsken hadde me familietur til Egypt. Mamma trur at Afrika ikkje er noko for ho, og at turen stadfesta dette, men det er berre fordi ho har gløymt at ho eigentleg sette pris på alle dei høge, mørke og kjekke mennene som ville gifta seg med henne mot å gje pappa eit utal kamelar... Me andre kosa oss meir med kamelsafari og pyramidane og gamle egyptiske graver. Men me må vel berre læra oss å sjå opp til, og ha forståing for andre sine interesser.

Magnar har kjøpt seg nytt kamera. Eg kan godt seia det igjen, eg har fått inntrykk av at dette er viktig for han. Magnar har altså fått seg nytt kamera. Kanskje eg burde leggja dette avsnittet heilt først. Han har blitt steikjande god til å ta bilete, og har laga seg eit enkeltpersonforetak. Stadig vekk set han opp den store reflektoren sin (som går under kjælenamnet Palmen) i stova, og tar bilete av vassdropar og Solbjørg og meg. Han brukte stundom så lang tid på å ta bilete i Egypt at guidane våre aldri hadde greidd så få turar på ein dag. Men det vart no fine bilete, også, då.

Ellers kan eg jo nemna at Solbjørg berre har eitt år att på medisinstudiet, Magnar studerer datavitskap og eg skal byrja på teologi etter jul.(Eg har gått på lektorutdanning i nordisk på UiB dette halvåret.) Det trur eg vert store ting! Pappa spelar data på loftet og reiser på store konferansar i Tyskland som før, og mamma syklar til skulen i all slags motvind og lærer ungane å gå inn og ut på rekke når dei skal framføra julespel. Det er viktige saker, og eg har forstått det slik at dei i tillegg vert lært opp i norsk og matematikk og andre mindre nyttige studieretningar...

Me har det i allefall grådig flott, og me ynskjer dykk ei juletid som aukar livskvaliteten og tidenes år 2011!