Heller ikkje i år har eg lukkast med å få bidrag
frå andre i familien til å skriva årets julehelsing
på heimesidene våre. "Me har ikkje nubbesjanse til å
få alt til å høyrast like idyllisk og julekortaktig
ut, som når du skriv, pappa. Så dette får du ordna sjølv".
Før eg gir eit lite, nøkternt (merk kommaet) tilbakeblikk
på 2006, vil eg starta med det viktigaste: Me takkar familie, vener
og kjente for det me har fått dela i året som snart har gått,
og ønskjer deg ei velsigna julehøgtid og alt godt for 2007.
Ingrid
(16) har skifta skule. No går ho på vidaregåande skule
i Knarvik. Ingrid likar å gjera ting med hendene sine. På
biletet ser me henne i sving med å laga swing-dress til storebror
Magnar. Resultatet ser du på neste bilete. I mai var Ingrid på
ekskursjonstur til Polen og Tyskland saman med klassen sin. Mamma og pappa
var med som arrangørar. I sommar var ho på tre leirar (Action,
Arena og Link). I nyårshelga skal ho på Explore, nok ein leir.
Saman med Magnar er ho også i år medleiar for friluftsgruppa
til konfirmantane. Ingrid er kommunikasjonstalentet i familien. I desember
debuterte ho som "prest", då ho talte på familiemessa
i Mangerskyrkja.
Magnar
(19) går siste året på TAF (Teknisk Ålmenfag),
som er ein fireårig vidaregåande skule som gir både
studiekompetanse og fagbrev i elektronikk. Me er spente på kva han
finn på til neste år. Kanskje vert det folkehøgskule?
På fritida "spelar han data", nett som faren. Saman med
storesøster Solbjørg, dansar han i BSI Dans, og er instruktør
på begynnarkurs i swing (boogie woogie). Dei er med i konkurransar
og oppvisingar, og kosar seg veldig med dansehobbyen sin. I laupet av
året har han vore ein tur til London med vener, og ein tur til Newcastle
med klassen sin. I sommar greidde me å få til ein fellestur
med alle fem i familien. Den gjekk til Risør, der me var i konfirmasjon
til Eivind og Ivar. Det var kjempekjekt å reisa i lag heile gjengen,
som i "gamle dagar". Berre synd at me gløymde å
ta med oss Kaptein Sabeltann og Dickie-Dick-Dickens.
Solbjørg (22) har passert dei første milepælane i
medisinstudiet. Anatomien var ei utfordring, men fysiologi er langt betre.
Det går an å forstå, og då fell også anatomien
på plass, meiner Solbjørg. I haust var ho ein tur til Egypt
og vitja ei veninne og gjorde "Egypt-ting"; ho reid på
kamelar og såg pyramidane. Ho har hatt deltidsjobb på aldersheim
og er guide på Vitensenteret innimellom. Slik kan ho tena seg litt
pengar til å gjera det ho likar aller best; å reisa. Ho og
Magnar flytta inn i "veslehuset",
som dei deler med to andre studentar. I går fortalde ho oss at ho
har fått seg kjæraste; ein kar som studerer teknologifag i
Trondheim og visstnok har dei breidaste skia ho har sett. Magre opplysningar
for oss å danna eit bilete ut i frå, men me trur han er smart;
for handskrifta hans i Solbjørg si minnebok frå Øytun
folkehøgskule, er nesten uråd å tolka :-)
Astrid
underviser førsteklassingar også dette året. Arbeidet
byd på mange slags utfordringar. Nye retningslinjer, med individuelle
læreplanar og individuell oppfølgjing av kvar elev, påfører
læarane store ekstraoppgåver. Arbeidsdagen vert ofte utvida
til langt på kveld, og i helgene hender det at ho dreg til skulen
for å planleggja neste veke og få unna arbeid som har hopa
seg opp. Også i år er ho med i idrettsgruppa til konfirmantane.
Barnelaget ho driv saman med Maria, vil ho slutta med til våren.
Kanskje kan ho då få tid til det ho likar aller best: Å
kosa seg med ei god bok. I haust feira Margot 70 år. Presangen frå
Astrid og søstrene til mor si var ein fottur gjennom Aurlandsdalen.
Det vart ei fin oppleving for den spreke jubilanten og alle oss som fekk
vera med.
Magne
driv med Dynaplan, datafirmaet sitt,
som før. Den nye teknologien, SMIA (Strukturert Modellering - Interaktiv
Analyse), har i år blitt brukt med godt resultat i prosjekt for
pilotkundar. Doktorgraden har det gått trått med dette året,
då firmaet har teke det meste av tida. Det blir lange dagar på
kontoret, og då er det godt å kunna ta seg ein tur i det fri
på racersykkelen. Biletet er teke rett før start av sykkelrittet
Bergen-Voss: 170 km. I haust har Magne hatt litt trøbbel med ryggen,
så det har blitt litt mindre trening.
I november reiste Astrid og Magne til Luksenburg for å kopla av
frå strevsame kvardagar. Byen viste seg fram med fint hautsvêr
og mange intressante ting å sjå. På fritida er Magne
med i konfirmantarbeid (mediagruppe) og anna arbeid i kyrkjelyden. Han
har i lengre tid arbeidd for å gjera den 115 år gamle kyrkja
betre tilrettelagt for dagens behov. Det var ein stor dag for han då
kyrkja vart gjenopna 10. desember, blankpussa og fin, med nye rom og viktige
endringar som gjer kyrkja meir tilgjengeleg og brukarvenleg for heile
kyrkjelyden. (Trykk på planteikinga ovanfor, så får
du sjå kva som er gjort i kyrkja).
Me ønskjer alle ei velsigna julehøgtid og
alt godt for det nye året.
- Magne, Astrid, Solbjørg Makalani, Magnar og Ingrid.
|