|
Maleriet i garasjen

Då Astrid og Magne ikkje kunne bli samde om veggane i garasjen skulle vera kvite (mest estetisk) eller grå (mest praktisk), kom dei fram til at ungane kunne få lov å måla det dei ville der. Og det er jo ikkje til å stikka under ein stol at Magne går under katogorien "ungane" i dette huset, så planar vart lagt og skisser teikna. Slik vart garasjemaleriet eit familieprosjekt som har vore i prosess sidan 1997.

|
Heile familien er i sving. Måleriet har ei sommarside og ei vinterside, og alle i familien gjer ulike typiske aktivitetar på kvar. |

|
Familie og grannar kom ofte for å bidra med eit penselstrøk eller to. Her er Irene og Daniel. |

|
Posering til maleriet. Me forstørra bileta me tok, og fekk dei på veggen med overhead så me fekk måla omrisset i rett perspektiv. |

|
Finjusteringar |

|
Slik var maleriet i mange år, med Astrid lesande på stranda, Magnar gåande på nevane, Solbjørg midt i eit stup, Ingrid på skeiser og Astrid og Magne i snøhole. |

|
I påska 2009 slo Magne og Ingrid til og måla seg sjølv inn på sommarsida, så no er det einaste som gjenstår å få Solbjørg og Magnar inn på vinteren. |
Hovudargumentet for grå veggar i garasjen i diskusjonen som førte til maleriet, var at me upraktisk nok måtte byrja å køyra i staden for å rygga inn i garasjen viss veggane var kvite. Viss ikkje ville dei jo verta stygge av eksos. Men der var me litt korttenkte, sjølvsagt køyrer me inn i garasjen no likevel. Me kan jo i alle fall ikkje øydeleggja maleriet med eksos..!
|