Me kjem frå Radøy, ei grøn øy nord for Bergen. Der bur Astrid Marit og Magne endå, medan Solbjørg Makalani, Magnar og Ingrid har flytta ut, og bur saman i ein leilighet i Bergen.
Her på heimesida vår finn de bilete frå ulike ting me i familien gjer saman, som ferieturar og festlege lag av ymse slag. De kan lesa julebreva våre, få eit innblikk i den spanade familiesoga vår, samt sjå måleprosessen i garasjen. Dessutan har ungane laga nokre festlege filmar som også ligg her.