God jul!

Mamma

2019 har vore eit innhaldsrikt år. Det skal bli interessant å sjå om det held fram på same måten, t.d. når det gjeld å få to barnebarn i året. Herleg! Eg fylte 60 år i mars, og hadde ei koseleg feiring. Takk til alle som gjorde så mykje! 60 år inneber ei ekstra ferieveke. Den tok eg på Kreta, og Magne fekk vera med. Elles var vi på sommarferie saman med familien vår, fødde og ufødde. I haustferien reiste vi til Brighton for å besøkja Solbjørg og familien, som budde der nokre månader. Då fekk eg sjansen til å gå langs dei kvite klippene ved Dover, noko eg har hatt lyst til i ca 40 år… Mathias hadde bil og tok oss rundt der vi ville, han var sikkert letta då vi reiste heim att!

Dette året har vore eit jubelår i slekta vår, med mange runde dagar, dåp og konfirmasjon som vart feira. Heldige oss!

2019-20 hospiterer eg på ein annan skule i kommunen, noko som inneber 6 km lenger skuleveg. Etter å ha prøvt distansen på vanleg sykkel og oppdaga at eg trong matpause på vegen, kjøpte Magne el-sykkel til meg. Så no går det nokolunde bra.

Borna våre feirar jul med svigerforeldra sine i år. Så vi skal vera saman med foreldra mine, og søstra mi, Liv. Det vert koseleg. Og i nyttårshelga skal vi vera saman med små og store på hytte på Kvamskogen. Eg håpar de alle har det like fint som meg, og ønskjer dykk ei fin jul!

Pappa

Eg sluttar meg til det Astrid har skrive om jubelår og mange gode opplevingar. Arbeidet i Dynaplan tek framleis det meste av tida mi. Så det er mange som sperra opp augene då eg i mars blei med i Skala Brass Band. Skulle berre vera med på eit prosjekt, men det var så gøy at eg framleis er med. Det er sikkert ikkje mange ungar som har bestefedre som begge speler tuba, men det har Sigve og Johan. På biletet spelar Gunnar og eg i barnedåpen til Johan.

Sigve og eg likar veldig godt å leika med togbane i lag. Berre sjå kor kjekt me har det! Tenk så heldig eg er som har fire flotte barneborn: Sigve, Bjarne, Johan og David!

I tillegg til turen til Kreta, har eg som vanleg sykla ei veke på Mallorca, saman med Gunnar og Ingve. I sommarferien reparerte eg ein gammal steinplatting. Det blei ein kjempejobb. Vêret var heller ikkje det beste, men resultatet var bosktaveleg tala strålande.

Elles er eg stolt over at Solbjørg og eg saman med to andre har publisert ein artikkel i International Journal of Health & Policy. I dag blei intervju med oss kringkasta både på radio og TV. Resultata me har publisert tyder på at ventetida for å motta nødvendig helsehjelp i spesialisthelsetenesta kan haldast opp i mot 90% lågare enn i dag, utan at sjukehusa treng bruka meir ressursar.

Solbjørg, Mathias og Bjarne

Kjære alle!

Me har det bra, og det håpar me de og har! Bjarne er no 13 mnd. Han går rundt med allslags ting i hendene og ropar. Det har skjedd litt på eitt år! No søv han av og til og :) Mathias jobbar som postdoktor på Fysisk Institutt i Bergen. I haust var heile familien i Brighton i tre månader, der eg besøkte universitetet i Sussex som del av eit forskingsprosjekt. Mathias og Bjarne var på farten heile dagen. Dei var i open barnehage, på akvariet, i parkane.. På slutten kjente Mathias alle mammaane innan ein fasinerande stor raidus. Elles har me kost oss veldig med at det har kome to syskenbarn til – David og Johan! Me har vore på kjekke familiehytteturar og pappa og eg har publisert artikkel i lag! Me har seld leiligheten på Kronstad, budd tre månader hjå foreldra til Mathias i Åsane, det var så kjekt, det, og flytt inn i hus i Krohnegården. No ynskjer me dykk alle ei veldig god og fredfylt jul, fylt av tid til det som er viktig for dykk.

Ingrid, Jørgen, Sigve og Johan

Status familien Myrtveit Petersen 2019:

  • 5 års ekteskap
  • 4 i familien
  • Trebryllaupsdag
  • 2 vakre gutar
  • 1 hus
  • 0 stress

I januar flytta me inn i det «nye», snart 100 år gamle, koselege huset vårt på Askøy utanfor Bergen. Der trivest me godt! Det har ein liten hage, er nær skulen, sjøen, ein haug med mykje blåbær og kyrkja der Ingrid jobbar. Då me akkurat hadde fått på plass det mest essensielle av møblar, og sydd gardinene nesten ferdige, meldte vesle Johan sin ankomst 16. mars. Han kom i ein fæla fart. Sigve (no tre og eit halvt) er svært stolt av sin vesle bror. Han er også stolt over å ha byrja i stor avdeling i barnehagen, av å kunne stupa kråka på trampolina, over å få nattverd i kyrkja (sitat: før, då eg var mindre, fekk eg ikkje sånn, men no er eg kjempestor) og generelt over alt han kan og trur han kan. Johan viste seg frå første dag å vera ein bedageleg og tilfreds type. Han er stort sett blid, og er ekstatisk når Sigve gjev han merksemd. Jørgen jobbar no på ortopedisk avdeling på Haukeland sjukehus. Frå midten av februar skal han ha farspermisjon. Etter det, frå 1. september, har han fått turnus (LIS1) på Haukeland. Ingrid har morspermisjon til starten av mars. Då held ho fram som ungdomsprest i kyrkjene på Askøy.

Magnar, Lillian og David

2019 må ein kunne seie har vore eit hendingsrikt år. Her kjem nokre høgdepunkt:

  • Januar: Me flytta til hovudstaden.
  • Januar: Lillian starta i sin første jobb, i Miljødirektoratet.
  • Februar: Me fann ut at me skulle bli foreldre!
  • Mars: Me fekk sjå barnet vårt for første gong på ultralyd.
  • April: Lillian fekk tilbod om fast jobb i Riksrevisjonen.
  • Mai: Lillian byrja i ny jobb i Riksrevisjonen.
  • Mai: Me kjøpte leilgheit ved Østensjøvannet.
  • Juni: Me reiste på parferie i Italia før familieauke.
  • Juni: Me flytta inn i ny leilegheit.
  • August: Lillian feira 30 år.
  • September: Lillian gjekk ut i permisjon og tilbake til å vera husmor på fulltid (sjå førre julebrev).
  • September: Vesle David kom til verda!

David er ein fantastisk herleg liten gut, og me kjenner oss så glade og velsigna! Han smiler, skrik, et, søv, lar vera å sova og er utruleg snill og deilig. Tidvis slitsomt, men utruleg stas og sjukt verd det! Me trivst veldig godt i den nye heimen vår. Berre så du veit det, så har me eit gjesterom, så du er hjarteleg velkomen på besøk! Det er ikkje langt ifrå at det har vore i bruk like mykje som det har stått tomt sidan David vart fødd. Og det kan me forstå, for han er verkeleg verd å koma på besøk for å treffa!

Orda til Jesaja gjev ny meining for oss i år. For eit barn er oss fødd, ein son er oss gjeven. Heldigvis kviler ikkje herreveldet på skuldrene hans. Men at Gud er viljug til å ofra sin eigen son for vår frelse har blitt større enn nokon gong. Me ønskjer dykk alle ei fredfull og velsigna julehøgtid.