God jul!

Mamma og pappa

Kjære alle saman! Her går det unna, livet vert ikkje kjedeleg. Skulen har framleis fullt program – det vil seia fulle dagar og veker. Eg har tjueåtte 4. klassingar – som sagt ikkje kjedeleg…… Heldigvis har lærarar av og til ferie, og dette året har vi vore heldige å få vera saman med mange kjekke folk i ulike feriar. I påskeferien var vi i Spania saman med gode vener, og i sommarferien fekk vi helsa på Lillian (Magnar sin kjæraste) sin familie. Hjå mor til Lillian var det som å bu på flott hotell i dagevis. Vi fekk ein fin tur til sørvest-landet og nokre flotte dagar saman med Else og jon Olav i Risør. Det var svært kjekt å sjå dei att. Vi kjenner mange gjestfrie folk! I haustferien fekk vi eg ein annleis dag, Solbjørg skulle rundt i bruresalongar og velja kjole ho får bruk for i mars, og eg fekk delta. Det var stas, naturlegvis. I haust var vi og heldige og blei inviterte med til fjells ei helg saman med seks av venene våre. Men det viktigaste dette året var sjølvsagt å bli bestemor. Sigve har vore hjå oss i lengre og kortare periodar, og det er storveges. Barnedåpen i august var her hjå oss. I oktober fylte mor mi 80 år, og det vart og feira her hjå oss. Det vart ei morosam familiesamling. No gler vi oss til fullt hus i jula, her kjem born, barneborn, svigerson, foreldre og søstre med kavalerar. Eg håpar de andre har det like bra!

Solbjørg

Hei alle! Eg har gledd meg til å skriva julebrev i år - slik at eg kunne fortelja at eg skal gifta meg! Mathias blei presentert i førre julebrev, og eg er framleis like nøgd, om ikkje meir. Jo, meir. Eg er heldig. Så då vert det bryllaup i emmigrantkyrkja på Sletta 4. mars. Elles jobbar eg no som postdoktor ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin på Universtietet i Bergen. Eg forskar på barnekreft, og det er utfordrande og kjekt og. Og så er eg blitt tante, og det er enormt stas. Eg trur Sigve er den luraste og finaste ungen som finst. Eg håpar de alle får ei svært gledeleg julehøgtid, at 2017 vert fylt med både glede, kjærleik, vener og familie!

Ingrid

Hei og hå, folkens! Sigve, her! Eg veit ikkje om eg er den rette til å skriva denne julehelsinga, for eg forstår at den skal handla litt om året som har gått, og sidan eg ikkje vart fødd før den 17. juni, har eg berre fått med meg om lag halvparten. Men det har vore ein fin halvpart. Eg er stort sett heime og leikar og kosar med mamma, for ho har permisjon så ho kan vera med meg heile tida, og det er eg glad for. Pappa er mykje med oss også, for han studerer så effektivt han berre kan, og så kjem han heim og då er det ekstra gøy. Me bur i Bergen, og av og til er me hjå bestemor og bestefar på Radøy (der me er no og skal feira jul), og hjå farmor og farfar på Sola (der me skal feira nyttår). I haust har pappa fullført sitt 10. semester på medisinstudiet, og i vår vart mamma nesten ferdig med heile teologiutdanninga si. I juni neste år skal ho bli prest! I vår, medan eg framleis låg uvitande i magen hennar, budde ho hjå farmor og farfar for å ta dei siste faga i studiet på Misjonshøgskulen i Stavanger. Heldigvis trengte ho ikkje vera utan pappa heile tida, for han fekk ha praksisperioden sin i Stavanger. Eg har skjønt at dei likar best å vera saman, og det er jo midt i blinken, for det likar eg også best. Elles er eg spent på denne jula som no nærmar seg, som alle i lang tid har snakka oppglødd om, og som så langt eg har sett har ført til at bestemor har hengt opp mange fine, raude ting og lys overalt, og at dei bakar ting på kjøkkenet (som eg ikkje får smaka på). Men det heile dreier seg visst eigentleg om at Gud blei fødd i ein stall – av alle ting. Det er ikkje godt å forstå, men veldig kjekt.

Magnar

2016 har vore eit år med store omveltingar. Ingrid har fått ein son. Solbjørg har trulova seg. Mamma og pappa har blitt besteforeldre. Og eg, eg bur ikkje ikkje lenger saman med ei trufast syster som kan vaska kleda mine, passa på at eg får i meg nok mat og elles ta vare på meg på fulltid. I samband med familieauka vedtok Solbjørg og eg å flytta ut, slik at Ingrid, Jørgen og Sigve kunne flytta inn og få litt fleire kvadratmeter å leika på. Eg har kjøpt eigen leilegheit på Gyldenpris i Bergen, der eg no bur heilt aleine. Heldigvis har eg ein trufast kjærast som kjem innom og passar på at eg har det bra så ofte ho kan. Lillian og eg har vore kjærastar i snart to år, og «jo mere vi er sammen, jo gladere vi blir»! Det er bra å vera glad, så etter jul reiser me ei veke på tur saman til ein stad som ikkje kan sei, for det er hemmeleg. Men eg gler meg i alle fall skikkeleg, og trur det blir ei skikkeleg flott avslutting av eit godt år, og ein pangstart på året som kjem!

«For eit barn er oss fødd, ein son er oss gjeven. Herreveldet er lagt på hans skulder. Han har fått namnet Underfull rådgjevar, Veldig Gud, Evig far, Fredsfyrste.»

Jesaja 9,6

Jula kom til oss i år òg! Kanskje litt for fort – det er så mykje som skal på plass før jul, som til dømes julebrevet! Jula kom til oss - ingen forseinkingar der. Utfordringa vår er «å koma til jula», ta i mot Guds gåve, barnet som blei fødd i ein stall.

I året som går mot sin finale, har familien vår opplevd mange gleder. Eit nytt barn, Sigve, er fødd inn i i familien. Me har vore saman med vener og fått nye vener. Året kan oppsummerast i ein stor «takk»!

Tankane våre går òg til dei som strevar med sjukdom aller andre vanskar. Må julehøgtida gje kvile og kraft, og det nye året lækjedom og framgang!

Me ønskjer familie, vener og kjente ei velsigna julehøgtid og eit godt nytt år!