God jul!

Ingrid

Shalom! Jørgen og Ingrid, her. Status per i dag (18.12.15) er at me har vore saman i 4 år, 8 månader og 4 dagar, gifte i 1 år, 6 månader og 13 dagar, og vore gravide (det er jo helst eg, då, og ikkje så mykje «me» som er gravide, men likevel) i om lag 3,5 månader. Me skal med andre ord bli foreldre i starten av juni. Det vert spanande, koseleg og kjekt, men det må innrømmast at det også er litt skremmande. Ein heilt ny, liten person som me skal ha ansvar for – eg får seia som farmor: «Herre min hatt»!

Våren gjekk for min del med til å skriva masteravhandling, så eg er no faktisk ein fiks ferdig teolog. Eg går no det sjette og siste året (praktikum) av prestestudiet, og vert ordinert prest anten denne våren eller neste, det kjem litt an på termin… Jørgen har no fullført sitt fjerde år av medisinstudiet, og var ni veker i praksis på sjukehuset i Stavanger i haust. Så me har fått prøva oss litt på avstandsekteskap. Det synest me ikkje er noko særleg. Det er best å vera saman.

I sommar var me leiarar på KRIK Action, ein leir med over 1000 ungdommar og leiarar, der Jørgen instruerte fotball, og eg fekk ha to av talane. Det var ei kjekk utfordring. Seinare på sommaren fekk me begge to undervisa på ein Disippeltreningsskule med Ungdom i oppdrag i Sveits. To av dei me gjekk vår disippeltreningsskule saman med i USA i 2013 har no starta ein ny skule i Sveits. Me ver der i ei veke og gjekk på tur i Alpane saman med skulen, og hadde undervisning på kveldane. Kjekt og meiningsfylt å få gjera det saman!

Magnar

I førre julebrev hadde Ingrid mistankar om at eg var „rimeleg forelska”. Eg kan med glede meddela at det er eg framleis. Lillian og eg har vore kjærastar i nesten eitt år no, og ho er ei beint fram super jente! Same dag som eg fekk meg kjærast starta eg også i ny jobb, så det vart ein spanande start på dette året. Eg jobbar no som programutviklar i Dynaplan, saman med pappa. Eg har heimekontor i Bergen, så eg slepp nesten å forholda meg til folk! Det er topp ;) Det tar mykje tid å vera i full jobb, så eg har bestemt meg for å gjera ei skikkeleg nedtrapping på fotograferingsfronten. Neste år har eg rett og slett som mål å ikkje fotografera eit einaste bryllaup! Det har vore grådig spanande å jobba som fotograf, så det er litt vemodig. Men eg gler meg til å ha fotografering meir som hobby igjen. Det vert gøy :) Min andre store prestasjon dette året (å få Lillian på kroken er den største) var å, saman med studiekamerat Johan, bli beste norske lag i NCPC - nordisk meisterskap i programmering! No nærmar det seg styggeleg julebad, så no må eg slutta å skriva og byrja å kvi meg. Eg ynskjer dykk alle ei god og velsigna julehøgtid!

Solbjørg

Me går mot ny nedbørsrekord her i Bergen, så julestemninga er i boks! Eg har nett reist heim til mamma og dei for å feira litt pre-jul før Ingrid og Jørgen skal til Sola. Veldig stas, god mat og godt selskap:) 2015, ja, litt av eit år! I mai disputerte eg. Det var ein veldig utfordrande og veldig kjekk dag! Eg har lyst å halda fram å forska, men i denne jobbmarkanden får ein vel nett sjå kva som er mogeleg. Så 2016 skal bli spanande! Gler meg, eg! Ellers var eg i Nord-Noreg og fiska ein stor fisk i sommar, som de kan sjå på biletet. Saman med Mathias. Som de og kan sjå på biletet. Eg har nemleg fått meg kjærast! Han er tidenes og kjem frå Åsane og likar fysikk og fjell. Eg er heldig. Elles tenkjer eg mykje på kor fint me har det. Når fleire og fleire mistar jobben og det ikkje lengre er tal på flyktningar som treng ein ny heim og tryggleik her hjå oss, tenkjer eg det er bra det er jul og me kan bli minna litt på kor viktig det er med kjærleik, familie og venskap, og at me set pris på kvarandre, ser kvarandre, inkluderer og deler. 2016 vert verkeleg spanande! God jul, og lukke til til alle!

Pappa, Magne

I år har både Astrid og eg blitt kommanderte til å skriva våre eigne avsnitt i julebrevet. Det er vel eit forvarsel om at ungane snart vil skriva sine eigne brev, og at foreldra etter kvart må læra å greia seg sjølve. (Du skal berre sjå at me får kvar sin kam til jul.)

Eg er heldig å ha ein flott familie og gode vener. Kanskje er det dei som gjer at eg føler meg i min beste alder? Dei fleste vakne timar går med til arbeidet i Dynaplan, som no har femten flotte og entusiastiske medarbeidarar. Me forsyner store verksemder med teknologi og tenester for strategisk planlegging.

Til ei kvar tid er eg budd for ein sykkeltur rundt Radøy eller Nordhordland på min Trek Emonda SLR, gjerne i lag med gode sykkelvener som Per eller Johannes.

Astrid og eg likar oss godt her me bur, og det kjem godt med, for her er det alltid noko som må gjerast – både ute og inne. Hovudprosjektet i år har vore å fullføra ein 30 år gamal plan om å leggja fliser på garasjegolvet og byggja skap og oppheng for kle, sko, syklar og utstyr for bil og sykkel. No for tida er ei omvising i garasjen obligatorisk for alle som gjestar oss.

Me har som filosofi at me ikkje vil eiga for mykje, så tinga ikkje skal eiga oss. Med ein slik grunntanke er det viktig å velja sine vener med omhug, for eksempel slike som disponerer hytte på fjellet. Takk for invitasjonar og opphald på hytteturar i 2015. Utsiktene for neste år er også gode: Elin og Helge har husvære i Spania. Giss kven som er inviterte til å feira påske saman med dei i 2016…

Mamma, Astrid

Heldigvis vert jula lang i år; Ingrid og Jørgen skal feira hjå Jørgen sine foreldre. Derfor kom dei hit på «førjulefeiring», det vart moro. Og endå har ikkje høgtida heilt starta…

Som Magne nemnde, er det arbeidet som tar det meste av tida. Men det har vore ein fin tur til Paris for å feira våren, påske og min fødselsdag. Saman med døtrene, søstrene, tantebarn (jenter) og mor reiste eg til Bath i England i september for å vera med på Jane Austen-festival. Det er vel noko av det kjekkaste eg har gjort i år. Reiser eg igjen, skal eg likevel bu på eit hotell som er bygd i moderne tid. Solbjørg og Ingrid hadde sydd tidsriktige kjolar, og kunne delta i parade.

Etter festivalen leigde vi bilar og køyrde til Stonehenge, og deretter til flyplassen utanfor London. Solbjørg var sjåfør på venstrekøyringa, og vi var alle storleg imponerte.

Vi er heldige med ein flott familie og ei stor slekt på alle kantar, og treng aldri kjenna oss åleine. I tillegg har vi vener vi skulle ønskja det vart meir tid til å vera saman med. Dette året har vi og hatt fleire høve til å vera saman med nokre av ungdomane våre sine vener. Rett som det er, dukkar nokre opp her, eller vi møter dei – frå inn- og utland – i Bergen. Ein stor gjeng tok turen hit og hadde dansehelg hjå oss tidleg på våren. Det er mykje some er gøy å hugsa…

No gler me oss til jul. Til å vera saman med familie og vener. Til å feira Guds under, barnet i krybba. Han kom for å skapa forsoning, glede og fred. Aldri har Kristi føredøme vore meir aktuelt enn no: «Lat det same sinnelaget vera i dykk som òg var i Kristus Jesus!» (Fil 2,5)