God jul!

Mamma og pappa Ingrid Solbjørg Magnar

Det er kjekt med jul. I år har eg (Ingrid) fått max ut av adventstida i alle fall! Eg kom heim den 3. desember og har fri heilt til neste semester! Ingenting er betre enn ubegrensa tid til å laga juleting framfor peisen. Og så var det kjekt å koma heim til mamma og pappa att! Dei har det like gildt som alltid, eller kanskje litt gildare, faktisk. Dei har bygd ut stova, som har blitt veldig stor og lys og fin, og fått ein vinterhage nede under utbygget. Det var mykje jobb, men i går kjøpte me gardiner, så no er det så godt som i mål! I sommar har dei vore på romantisk sykkeltur i Moseldalen, og på segltur! Mamma er framleis ungane sin helt inne på skulen, og pappa sin helt heima. Og der går det vel begge vegar: Mamma er ein helt i matlaging og huspynting og generell kvinnelig sjarm som pappa set pris på, og pappa er ein helt når det gjeld vedhogst og oppheng av gardinstenger (heilt beint!) og i å fortelja løgne historiar. God match.

Grunnen til at det var så ekstra kjekt å koma heim til mamma og pappa, og grunnen til min lange ferie, er at eg har hatt permisjon frå teologistudiet i haust, og saman med Jørgen (som er minst like kjekk som alltid!) vore på disippeltreningsskule med ungdom i oppdrag. Me var i Montana i USA i tre månadar, og så i Nepal på misjonstur i to månadar. Me fekk framifrå undervisning, og i Nepal fekk me gå til Annapurna base camp, ta buss i nesten 90 timar til saman, eta veldig mykje ris og linser, møta folk som aldri har høyrd om Jesus, be for mange og sjå heile teamet vårt koma nærare Gud. Me har lært mykje om Jesus og om verda og om kvarandre og oss sjølve. Det har vore eit vanvittig bra halvår, og eg er gira på å halda fram på studiet med litt ny inspirasjon til kvifor det er viktig å studera Bibelen.

Solbjørg har også vore vekke frå Bergen dette halvåret, og har jobba på doktorgraden sin på New Zealand! Ho skal vera der heilt til slutten av januar, så dette vert vår aller første jul utan heile familien samla. Det vert rart, og me kjem til å sakna ho ekstra! Men ut frå skypesamtalar og bilete me får sjå, ser ho ut til å ha det bra på New Zealand. Ho har gått mange flotte turar, dansa mykje og blitt kjent med mange nye folk. Men me gler oss til ho kjem heim att!

Magnar har halde fortet i leiligheten vår i Bergen, saman med to andre gutar (menn?) frå dansinga. Dei har det vanvittig kjekt, og eg er redd han ikkje vil ha Solbjørg og eg tilbake. Eg skjønar jo at gutefilmar og gutemat og el-piano i stova er meir freistande enn jentefilmar, jentemat og pynteputar… Men me er familie, så eg har framleis tru på at han slepp oss inn att. Magnar dansar framleis mykje, han er aktiv i Norkirken, han prøver stadig ut nye fasongar på skjegget, og har delteke i NWERC (north western european regional contest) i algoritmar. Programmering av eit eller anna slag, trur eg. Men han er i alle fall veldig flink. Og snill.

No er det veldig snart jul, og det er eg glad for! Eg trur det vert snø, og. Og det er litt kult at Jesus blei fødd, tenk at Gud gjekk rundt på jorda, og at han er her no med oss, det gjev mange moglegheiter. Så det tenkjer eg litt på om dagen.

Ynskjer dykk alt godt!

God jul og godt nyttår frå oss i det gule huset etter to ferister.