Shalom godtfolk!

Ingrid, her. Eg reiste heim til jul i dag, halvsov på bussen og fekk med eitt panikk – eg hadde gløymt alt eg burde ha med! Julekjolen og krølltanga, den raude neglelakken... alt låg att i leiligheten i Bergen. Er det mogeleg?

Men panikken vekte meg frå ørska, og eg kom på at det sjølvsagt var meininga at eg ikkje hadde desse tinga med. Eg skulle nemleg ikkje heim til jul i år. Berre nokre dagar før jul. Og julekjolen og alt det andre hadde eg pakka i ein annan koffert. Familien Magne Myrtveit reiser nemleg til Hong Kong i jula. Hong Crazy Kong, kallar eg det. For det er rimeleg spesielt. No skal me plutselig feira jul i det landet me prøvde å grava oss til frå sandkassen då me var små.

Dette krev forklaring. Sjølv har eg aldri vurdert mogelegheita av å feira jul nokon annan stad enn i stova heima på Radøy. Men det går sikkert fint, heile familien skal jo vera saman. Det er nemleg difor me reiser. Magnar har reist på utveksling til Hong Kong, har budd der i heile haust. Og skulle me koma på vitjing måtte det bli i juleferien, ein har jo ikkje tid til slikt om hausten. Så no gler me oss til å sjå Magnar att, og heilt til for få veker sidan gledde me oss til å få han tilbake til Noreg og leiligheten i Bergen der han og Solbjørg og eg har budd saman. Men det må me sjå langt etter. Misforstå meg ikkje, eg er for ekte kjærleik og alt det der, men eg greier ikkje å utelukkande vera positiv til det som har skjedd. Magnar har nemleg funne seg ei søt kineserdame, Lillian, og har bestemt seg for å bli i Hong Kong neste semester også. Wow. Det er akkurat som på film. Og romantiske filmar likar me jo, så det går nok fint dette også. Men ein kjem ikkje unna at det er noko uventa. Og rart.

Apropos kjærleik. JØRGEN! Eg har også fått kjærast i år. Det er litt meir lettvint med han, bur i Bergen og alt. Veldig nøgd med det og med han. Han kan ta salto og er god i matte, let meg eta så mykje sjokolade eg vil (særleg i eksamensperioden), og synest eg er søt sjølv om eg går av sykkelen kvar gong eg skal opp eller ned av fortauet. Eg skjønar jo at det er utruleg irriterande at eg brukar så mykje tid på det. Men ein kjem unna med litt når ein er forelska. Flaks. Han har starta på medisin i haust, medan Solbjørg har hatt sitt siste semester! Hurra! Tenk å vera ferdig med eit så langt studium. Eg hadde nesten byrja å tru at ho skulle studera for alltid, hadde halde på så lenge at det var mest naturleg at det berre skulle halda fram på same viset. Men trass ubeleilig blindtarmbetennelse og ymse anna kom ho i mål. Så no skal ho ut å reisa og kosa seg med Christine som ho har studert med. Dei skal fyrst gå i fjella i Nepal i tre veker etter Hong Crazy Kong, så skal dei til Hawai'i og ein annan stad i USA for å stå på ski, før dei skal innom New York. Så kjem dei heim i midten av mars.

Me var faktisk ute og reiste tidlegare i år også, Solbjørg, Magnar og eg. Me vitja kusina vår Heidi i Cape Town i Sør Afrika i påsken. Me var litt rundt i landet, køyrde til Cape Town langs kysten med ho og kjærasten Jean Pierre. Før det var me tre på safari i fleire dagar langt ute i bushen. Budde i ein camp av stråhytter der. Eg synest guidane kunne ha nytta høvet til ei lita kvit lygn då me spurde om det var slangar i campen. «Of course, they live here», svara dei. Så då var Solbjørg og eg dømde til å sjekka med lommelykt alle stader me gjekk innanfor dei vesle gjerdet rundt campen som liksom skulle verna oss for nashorn og elefantar og eg veit ikkje kva. Men trass slangeangsten var det veldig kjekt å gå der og sjå så mange rare dyr på nært hold. Nashorn som spring er festlegare enn du trur.

Når det gjeld mamma og pappa kan eg summera mi meining i eitt ord: arbeidsnarkomane. No er vel ikkje det heilt sant, pappa syklar jo rundt, og mamma driv på på kjøkkenet. Eg får i alle fall framifrå mat kvar gong eg kjem heim. Og eg veit at dei i ny og ne spelar scrabble og rummy om kveldane. Og dei gjer begge sitt for å halda på gnisten i ekteskapet – mamma lagar alle slags himmelske syltety til pappa, og han masserer ho på ryggen medan ho reinskar bæra. Ei framifrå ordning. Dei var dessutan på romantisk ferie til Kroatia i haustferien. Pappa måtte bera mamma over vegen for det var så stor flom. Det skulle eg likt å ha sett! Men me kjem ikkje ifrå at jobben tek mykje tid. Ut ifrå det eg kan døma går det bra med pappa sitt firma, me har i alle fall fått fullt av nye Dynaplankoppar og -glas. Det må jo vera eit godt teikn. Likevel, for min del er berre studiet eit skalkeskjul, husmortilværet er jo målet. Eg har forresten byta studium sidan forrige julebrev. Det viste seg at lektorutdanninga i nordisk neppe kunne føra fram til ein jobb i norsk språkråd, og då syntest eg ikkje det var så mykje meir å henta der. Så no tek eg teologi på NLA, og er svært nøgd med det!

Så jamt over har me det godt, alle saman. Men året har bydd på nokre tunge stunder også. I februar mista me farfar etter fleire dagar med familien samla på velferdsenteret på Manger. Me tenkjer litt ekstra på farmor denne jula. Heldigvis veit me at farfar er i himmelen, og der har eg høyrt at ein har det bra. Og farfar var svært glad i jula og familien, så me får prøva å tenkja på at han heilt sikkert ynskjer at me skal ha det så kjekt og koseleg me berre kan, sjølv om det må bli utan han.

Så no sit eg og skriv framfor peisen med Sissel Kyrkjebø på radioen, snøfnugg i lufta, og har julestemning som eg håpar varer til skyskraparane i Hong Kong. Som den teologen eg skal bli, og sidan det er jul, høver det å avslutta med nokre bibelvers. Det er jo forresten veldig gøy med den nye bibeloversetjinga, Jørgen og eg sov i kø saman med mange andre utanfor Bok & Media for å kjøpa den då den kom ut.

Rop med jubel for Herren, all jorda!
Ten Herren med glede,
kom fram for han med jubel!
Kjenn at Herren er Gud!
Han har skapt oss, vi er hans,
vi er hans folk og den flokken han gjeter.
Kom gjennom portane hans med takkesong,
inn i føregardane med lovsong!
Lov han, velsign hans namn!
Herren er god, evig er hans miskunn,
hans truskap varer frå slekt til slekt.

Salme 100

 

God jul og godt nyår!

Helsing Ingrid og dei.

PS: Viss du no trur at me har gripe sjansen til å sleppa unna det årlege julebadet i sjøen vesle julaftan slik mamma foreslo, kan eg fortelja deg at så pinglete er me ikkje. Forrige helg var me ein heil gjeng i bad, med påfølgjande marsipanfigurlaging. Badetemperaturen tre veker før jul var skuffande lite betre enn den vanlege julebad-dagen. Eg vil dermed påstå at årets bad også er gyldig.