[heim] [engelsk versjon] |
|
Sølbryllaupet vårt var høgdepunktet for Astrid og Magne i 2004. Me var svært glade for at så mange som 80 gjestar fann høve til å vera med oss å dela gleda vår på denne store dagen. Tjuefem års ekteskap er verkeleg noko å feira! I sommar oppdaga me for alvor at borna tek til å bli store. Det var berre i korte periodar at me greidde å samla alle fem i familien på ein stad! Som vanleg reiste me på bilferie til Austlandet og via Sørlandet heim att. Nytt av året var det at me denne gongen stogga nokre dagar på fjellet og gjekk fjellturar saman med Torunn og Arne Geir! Det var ei stor oppleving for alle - og kjempefin trim! Deretter vitja me Sigrun, Phillip og ungane (Eirik og Maria) på Langhus. Magne og Ingrid likte veldig godt den nye mopeden til Sigrun. Me brukte det meste av tida til å leika i hagen og gå i bad. Mellom øktene fann ungane skugge og kvile i hengedissa i hagen. Astrid underviser framleis på barneskulen: 5.-klasse denne hausten. Utanom arbeidet er ho alltid oppteken med noko i eller utanfor huset. Ho likar veldig godt å hjelpa til med tilstellingar på samfunnshuset "Skogen". Og så er ho natteravn! Når det er sol og sommar, finn du mest sannsynleg Astrid flittig i eit blomsterbed, eller så er ho på eit svaberg nede ved sjøen. Magne er halvvegs med doktorgraden sin - vonar han. Det nye firmaet hans, Dynaplan, utviklar ny teknologi for modellering. Magne er aktiv i kyrkjelyden (sokneråd, kyrkjeblad, klokkar). Spesielt kjekt synest han det er å ha multimediagruppe for konfirmantane saman med to gode vener. Solbjørg avslutta året på Øytun folkehøgskule i Alta og sykle like godt heimatt etterpå saman med tre vener. Det blei ein tur på 2500 kilometer! Det blir nok ei stund til å syklar meir... På turen samla dei inn penger til ein barneheim i Moldova. Det kan du lesa om her. Solbjørg har mange interesser, og ho er veldig redd for å glipp av noko i livet. Ein av dei tinga ho har fått med seg, er magedans! I sølvbryllaupet hadde ho og tante Torunn ei flott oppvising. I haust var Solbjørg i Bangkok, Thailand, for å arbeida mellom gateborn. Turen vart ei viktig erfaring for henne, men uheldigvis stressa trafikkstøyen øyrene hennar så mykje at ho bestemte seg for å avbryta opphaldet før planen. No har ho teke til med bachelor-studium i kristendom ved NLA. Magnar går i andreklassen på TAF (teknisk allmenfag), og likar både skule og praksis sært godt. Den største interessa hans er data. Han er i ferd med å bli ekspert i web-design og -utvikling, og meistrar PHP, HTML og JavaScript på stadig høgare nivå. Han har til og med utvikla kommersielle internettsider for www.ofaslogging.no. På biletet til venstre ser me Magnar og Ingrid 17. mai 2004. Dei har glimt i auga begge to, og dei er veldig gode vener - sjølv om dei likar å terga kvarandre innimellom... Ingrid er konfirmant i år. Som ledd i konfirmantundervisinga er ho med i friluftsgruppa, der Magnar er ein av leiarane. (Forresten: Astrid er ein av leiarane i fotballgruppa!) Ingrid har ein million vener! Ho likar å vitja dei etter skuletid eller i helgane, og ho likar å ha dei på besøk hjå oss (alle på ein gong!). På fritida og når ho ser fjernsyn, broderer ho på bunaden sin, som skal vera ferdig til konfirmasjonen i mai 2005. Foreldra og søskena til Magne bur ganske nær oss, og Astrid sine foreldre bur ikkje langt unna dei heller. Det er kjekt å ha familie rundt seg. Sverre, Magne sin pappa, spelte munnspel i sølvbryllaupet (me måtte koma tilbake til det!). I sommar prøvde han å læra ungane å finna vatn ved hjelp av ønskjekvist. Me kjenner oss takksame for å ha så mange gode vener og ein familie som tek godt vare på kvarandre. Me sender denne julehelsinga til alle i nettverket vårt, både fjernt og nært. Me ønskjer dykk alt det beste for julehøgtida og for året 2005 som er like rundt hjørna. - Magne, Astrid, Solbjørg Makalani, Magnar and Ingrid. |