Julehelsing 2008 [home] [English version] |
Me har ikkje så mykje nytt å fortelja, så dette skal gå fort. Ingen av borna er gifte, ingen barneborn er i sikte, og me har ingen spanande utanlandsturar å fortelja om.
Den yngre garde har stor utfartstrong. Til tider har me vanskar med å gjera greie for kvar dei befinn seg på kloden. Det skal verta kjekt å sjå Magnar til jul, det er lenge sidan august... Magnar har jobb som miljøarbeidar på folkehøgskulen i Alta, der han var elev i fjor. Han planlegg å starta universitetsstudia i Bergen til hausten. Klart han trekkjer sørover, mot kjærasten, Kari, som er frå Ølen. Ingrid reiser til Bergen og går på swingkurs saman med Solbjørg ein gong i veka, og overnattar hjå henne. Ungane er like gode vener som dei alltid har vore! Ingrid har tenkt å søkja på folkehøgskole til hausten. Ho har i sin store omtanke kjøpt gullfiskar som me har i ein stor bolle på kjøkkenet, slik at me kan ha selskap i heimen når ungane er ute av reiret. Så er det min tur, pappen i huset. Folk trur eg likar å trena, men eigentleg er situasjonen den at Astrid lagar så god mat at eg må ty til landevegen som eit lite mottiltak. Sykkelsesongen vart spolert av eit sykkelvelt i mai. Det gjekk tre månader før eg igjen var på to hjul. Har framleis litt vondt her og der, men det går seg vel til etter kvart. Det er nokså krevande å byggja opp eit nytt firma, og eg synest av og til at det går veldig sakte på fram. Men Dynaplan er ein kjekk arbeidsplass, med veldig gode kollegaer. I sommar prioriterte me hagen framfor å reisa på ferie. Det var strålande vêr, så det blei ein fin sommar med bading og spading (i starten med éin arm grunna ”idrettskaden”) og planting av frukttre og busker. Eg og alle søstrene mine var nettopp på besøk hjå Sigrun på Langhus (utanfor Oslo) til eit søstertreff ho hadde planlagt og gjennomførte på sin vanlege overlegent glimrande måte. Då merka eg at eg ikkje hadde noko å snakka om! Det einaste eg opplever, er jobben, og kven er vel interessert i den? Så no vurderer eg å gå ned i stilling til neste skuleår, dersom det let seg gjera. Så får eg kanskje eit liv utanom skulen. Vi ynskjer dykk ei velsigna jul og eit framgangsrikt 2009! |