Julehelsing 2009

[home] [English version]

Kjære alle saman!

Tid for julebrev! I år er det min tur (Astrid) å skriva, og som de ser, brukar eg skriftstorleik for dei som er 50+. De andre får ha meg unnskyldt.

Eg må begynna med det som eg i mi ”sjølvomdreiing” ser på som det viktigaste i mitt liv i 2009: At eg feira mine 50 leveår. Tusen takk til alle som hjelpte meg å markera dagen: Det hadde ikkje vorte mykje sus utan dykk! Tusen takk for gåver til meg, til fattige gateborn i Albania, for alle som kom og deltok i feiring på alle slags ulike måtar, og for alle som hugsa på meg sjølv om dei ikkje var til stades. Eg må seia eg syntest det var svære greier, sjølv om eg sat litt på sida av meg sjølv ei stund…

Ingrid er russVi har fått lov til å feira mange andre runde dagar (Venene våre er jo ofte på same alder!), i tillegg til dagar med andre fasongar, bryllaup, barnedåp m.m. Så det er ikkje keisamt å vera oss, og vi er heldige som har stor familie og venekrets.

I sommar fekk vi ikkje mykje til ferie. Vi skulle berre mala huset først, og då var sommaren slutt. Men vi hadde daglege pausar med symjing og soling, så det er ikkje synd på oss.

Familietur med søstrene mine og mor mi stod sjølvsagt på programmet i år og. Denne gongen vart det ei mindre utfordring: Opp på ”Preikestolen”. Vi var og så heldige at vi fekk vera med Sigrun og borna på ei koseleg hytte, og gjekk turar på Ustaoset nokre dagar. Ingrid ville vera med oss til våre gode vener i Risør etterpå, og det var nett som i gamle dagar: Godt for sjel og lekam.

Dessutan har det vore eit skikkeleg reiseår: Nyttår vart feira i Valdres, for å feira ein god ven sin 50-årsdag. I mars var vi i Hamburg, i mai på Island, i september ei svært koseleg og spesiell opplevingshelg på Sørlandet for ein annan 50-årsdag, i oktober i Sveits og i november i Lübeck for å treffa Solbjørg.

Solbjørg og MagnarVi ser ikkje mykje til borna våre, og reknar med at det betyr at dei ikkje kjedar seg, dei heller. Solbjørg har først studert eit semester i Lübeck, og etterpå tatt eit praksissemester der. Ho kjem heim til jul, og skal halda fram på Universitetet i Bergen. Der deler ho leilighet med Magnar, som studerer databehandling (korleis det no kan ha seg). Dei dansar framleis i lag, og deltok nettopp i Noregsmeisterskapen. Ingrid går i år på Øytun folkehøgskule i Alta, der dei andre har vore etter tur. Så no er det ho som går på ski, klatrar i fjell og søv ute under stjerner og nordlys.

Eg har 5.-klasse på Manger skule i år; dei skjønnaste i verda, som har lyst til å læra og bli kloke. Hadde skulen tatt litt mindre tid, hadde det vore berre gode greier.

Magne driv framleis på med datafirmaet sitt. Eg er ikkje sikker på kva han held på med, men eg høyrer kontinuerleg tastaturklikking. Pause er å storma ned trappa, kasta på seg trikot (sjå det for dykk) og sykla ein ”liten tur” rundt Nordhordland. Når det er lysare tider, treffer han Jostein og syklar med han, og det synest han er mykje kjekkare. Og så har han fått seg ein ny ”sykkelkamerat” her på Manger, så det er ikkje måte på kor sosiale karane vert når dei kjem fykande på to hjul...

- Her stakk Astrid av frå skrivinga: Ho skulle innom foreldra sine, og så til Manger for å førebu neste veke. Så då får eg sjå mitt snitt til å skriva ei lita avslutting. I adventstida har eg fundert litt på kor viktig det verkar for enkelte miljø å gni det inn hjå ungane – ja, først og fremst ungane – at mennesket stammar frå apene... Det får no so vera, men særleg oppbyggjeleg er det vel ikkje. For meg og mine er det nok langt viktigare å minna seg på at Gud skapte mennesket i sitt bilete, og då han såg det, tykte han det var veldig fint. (Og det er de vel einige i?)

Me vonar at det får ei god julehøgtid, og ønskjer dykk alt det beste for 2010!

Helsing Solbjørg, Astrid, Magne, Magnar og Ingrid