[home] [English version]

Julebrevet i år vert skrive av meg, Solbjørg Makalani, for å ynskja dykk alle ei god jul og for å gje dykk eit innblikk i kva familien min driv med. Likevel skriv eg kanskje aller mest for min eigen del - for å få bearbeidd alle inntrykka og sjokka familien min har gitt meg dette året.

Solbjørg, Magnar, Ingrid on Devastation Trail, Hawaii

Våren 07 gjekk eigentleg ganske greitt, og sommaren og. Dei fleste i familien oppførte seg nokolunde som vanleg. Ungane gjekk på skulen og foreldra jobba. Ingrid, Magnar og eg var alle leiarar på KRIK-leir saman i juni. Nett som me likar det. Så i haust reiste eg til Hawaii for å studera der eit halvt år. Det var ei utruleg lærerik og fin oppleving, men det var ikkje berre engelsk og fysikk eg fekk læra. Det viste seg og at ein ikkje bør la resten av familien Magne Myrtveit vera utan tilsyn. Då kan nemleg dei merkelegaste ting skje.

Eit av dei første sjokka eg fekk, var ein dag eg fekk e-post av den langbeinte 17-årige syster Ingrid. Eg har vel alltid visst at ho er noko for seg sjølv. Ingrid viste alt tidleg tendensar til å skilja seg ut frå myrtveitmønsteret. Frå kaninvitsar til preik i kyrkja har ho aldri vore redd for å snakka framfor folk. Ho er glad og utadvent, og har mange vener (som går under fellesnamnet Team Nancy – ikkje spør meg kvifor, ho ser ut til å tru at det er normalt). Dessutan tek ho drama som valfag på gymnaset i staden for kjemi (har du høyrt på maken)! Eg har sett på desse tendensane til sjølvtenking med noko uro, men at det skulle gå så langt, det hadde eg aldri sett for meg... (Eg, Ingrid, må få føya til at eg ikkje har trossa alle familiereglar, eg har til tross for drama, tre realfag!)

Eg (no tilbake til Solbjørg) sat altså der og las e-post. Eg forventa ei oppdatering som ”var på skulen, åt middag...” Men kva ser eg? Ingrid har skrive side opp og side ned om kontraktar i Brann og serieplasseringar! Ho avslutta med at familien no har eit nytt medlem, den tjukke gullfisken Ariana – oppkalla etter Jon Arne Rise si dotter. Ho er blitt fotballinteressert! Korleis skal det gå med familien?

Heldigvis, tenkte eg, eg kan då i alle fall stola på Magnar. Ein smålåten datanerd plar ikkje by på overraskingar. Men kva gjer guten? Før eg veit ordet av det har han reist til Alta, og går på friluftslivlinje på Øytun Folkehøgskule. Kven hadde trudd at han skulle trivast med ski på beina?
I løpet av hausten forventa eg e-post og brev om kor kaldt det var og kor mykje han lengta etter at eg skulle koma heim, og han og, så me kunne dansa og kosa oss saman, som før. Men kva skjer? Når han endeleg gjev lyd frå seg – og dette er direkte sitat, og HEILE e-posten: ”Nja.. eg må no kanskje fortelja at eg har fått meg kjærast”. Så slik var det. Den tidlegare så samansveisa og glade familien er med eitt ikkje til å kjenna att!
Heldigvis, foreldre, dei endrar seg då ikkje, tenkte eg, og støtta meg til det. Så, sånn ca i oktober, kom heile familien på besøk. Då var det mamma som skremte meg. Heile livet har kvar ferietur vore sentrert rundt museumsbesøk frå 8 til 4. Eller lengre, viss dei ikkje stenger 4. Eg har alltid trudd at mamma, den pliktoppfyllande barneskulelæraren var ufatteleg interessert i historie, kunst og kultur. Eg hadde spart alle turistattraksjonane av dette slaget til familien skulle koma, men mamma nekta å vera med på noko av den sorten: ”Museum? Nei! Det var berre noko me gjorde for å underhalda dykk då de var små, det!”. Så ho ville heller liggja på stranda. Min identitet som Myrtveit fell i grus. Eg veit ikkje kven familien min er lenger.

Eg tenkte etter, eg kom på at det er då ein bauta igjen i familien. Pappa, fylte femti, trygg og stabil. Ingen kan vel endra seg meir i ein slik alder! Eg tok feil igjen. Nokre dagar seinare ringte pappa, framleis nokså andpusten etter ein hard pilatesrunde. Den keyboardavhengige brilleslangen fortel at han har kjøpt seg vekter han lyftar på. Kvar dag trør han også milevis på sykkel i eit stativ i garasjen – for han har meldt seg på Styrkeprøven! I juni skal han sykla Trondheim – Oslo. Så der rauk den. Ingen oppfører seg som dei skal, og eg veit ikkje anna råd enn å reisa heim til denne vaklande familien til jul, og prøva å få ting på fote att. Det vert jula sitt prosjekt.

Eg håpar de alle har det bra, og at de får ei avslappande og normal julehøgtid. No må eg venda attende til familien.

Hjarteleg helsing Solbjørg, Magnar, Ingrid, Astrid og Magne.

Magne, Magnar, Solbjørg

Ingrid, Astrid