[home] [English version]

Ein god ting ved jula er at den minner oss om å seia takk. Takk for barnet som vart fødd. Takk for familie, vener og medarbeidarar. Takk for uteljande velsigningar.

År 2005 er snart historie. For oss har det vore eit godt år. "Borna" veks og tek til på sine sjølvstendige stiar gjennom livet. Stiar som ingen har gått føre dei. Nye erfaringar. Sjølvstendige val.

Ingrid (15) går i 10.-klasse. Ho er ei glad jente, med mange vener. Ho prøver å få med seg så mange sommarleirar som ho berre kan. Det ho likar best, er å lesa og å laga ting med hendene sine. Ingrid stod for høgdepunktet i familien i 2005, då ho stod konfirmant i mai. Flott høgtid i kyrkja. Flott vêr. Vener og familie samla. Strålande! Saman med broren er ho leiar i ei av konfirmantgruppene: friluftsgruppa.

Magnar (18) brukar det meste av fritida framfor datamaskinen. Han blir programmerar, slik som faren, ser det ut til. (Stakkar!) Han lagar heimesider for små firma i nærområdet. No arbeider han med sider for brukarstøtte til pappa sitt firma, Dynaplan. I august fekk han vera med på ein fin segltur saman med venen Øytein og to andre karar langs kysten av Spania, frå Valencia til Gibraltar. Ei minneverdig oppleving.

Solbjørg (21) and Magnar deler favorritthobby: dansing. Dei er med i BSI Dans, dansegruppa til studentane i Bergen. Solbjørg har teke til på medisinstudiet i Bergen. Ho tek også kurs i yndlingsfaget sitt: fysikk. Før eller sidan må ho vel gjera eit val, eller kanskje kan ho kombinera medisin og fysikk? Solbjørg likar seg framleis godt i det fri. Biletet er frå sykkeltur langs Rallarvegen.

Astrid er lærar i førsteklassen, og trivst godt med det. Ho påstår at ho ser fram til kvar einaste dag på arbeid. Og det er ikkje fordi ho ønskjer seg bort frå heimen! Ho spelar fotball med konfirmantane (!) i tillegg til at ho er leiar i barnelaget på Hella. I februar var Astrid og Magne i Köln. Februar var også månaden då søster Torunn gifta seg med Arne Geir. I mai reiste Astrid og Magne på tur att. Denne gongen til Roma. Nok ei flott oppleving.

(Liten pause her; det er tid for det årlege julebadet i sjøen. Heldigvis er det ikkje snøstorm i år....)

Me overlevde i år og... På biletet til venstre varmar me kalde bein over bålet etter dukkerten i sjøen.

Magne har vore oppteken med doktorgrad og seine kveldar for å byggja opp firmaet Dynaplan. Han er heldig å ha gode medarbeidarar. Saman gjer dei framsteg med nytt "super-rekneark". I fritida er Magne med på alle slag friviljug arbeid; kyrkjeblad, sokneråd, datagruppe med konfirmantar. Det nye leiketøyet hans er ein racersykkel. Han prøver å få seg ein sykkeltur kvar dag. Minst ein time, kanskje to eller fire. Det vert litt mindre om vinteren, når det er is og snø på vegane. Magne likar og å laga ting - helst i tre. På biletet ser me Ingrid og pappa i sving med nytt rom i kjellaren.

Me ønskjer alle den fred og glede som jula gir. Ver glade for "klemme-sesongen", når det er greitt å seia hei til alle, og gje ein klem til folk me knapt kjenner, gi gåver og senda helsingar.

God jul og godt nyår!

- Magne, Astrid, Solbjørg Makalani, Magnar og Ingrid.