[heim] [engelsk versjon] |
|
Dette er julehelsinga vår til besøkjande til Myrtveit-familien sine heimesider på Internett. År 2003 etter Kristus nærmar seg slutten; me er alt i desember månad! Me er glade og takksame for at alle fem i familien er ved god helse og i stand til å leva eit aktivt og interessant liv. Innimellom er dagane nokså stressande med arbeid, skule, ting å gjera i, med, på og utanfor huset, friviljug arbeid, osb. Dette er nok ikkje så uvanleg i familiar med tre tenåringar og to foreldre med kvar si karriere :-) Ingrid (13) er ei glad jente med mange vener. Ho er travelt oppteken heile tida, men finn også tid til heimelekser og aktivitetar som ho likar å gjera på eiga hand, som t.d. å lesa. Ho har nett avslutta Julemysteriet og Sofies Verden. Ingrid vil ha på seg bunad til konfirmasjonen, og ho er alt i full gang med å brodera belte. Eit par gongar i veka er ute og joggar saman med Magne, - noko som dei begge kosar seg med. |
|
Alle dei tre yngste tok til på ny skule i haust. Magnar (16) starta på TAF Elektro (Teknisk Allmenfag). Dett er ein vidaregåande skule som kombinerer teori og praksis. Berre nokre få elevar vert tekne opp til TAF Elektro kvart år, så når Magnar kom inn der, var det løn for godt utført arbeid på ungdomsskulen. Magnar likar seg godt på TAF, og han synest det er flott å arbeida for eit verkeleg firma to dagar i veka - og tena eigne pengar. Mandagar må han stå opp veldig tidleg (5:45) for å reisa til Bergen på arbeid. Han overnattar på hybelen vår til tirsdag, som er den andre arbeidsdagen hans. Resten av veka går han på skule i Knarvik. Den yngste generasjonen i familien har minst ein ting felles; dei likar å laga ting med hendene sine. Til høgre ser me Magnar i sving med treskjeringsprosjektet sitt. Han laga ei hylle for å lagra VHS og DVD-kasettane våre. Magnar spelar fotball på fritida si. Han er også leiar i friluftsgruppa som er del av tilbodet til konfirmantane i kyrkjelyden vår. I denne gruppa får konfirmantane vera med på ulike aktivitetar, som fjellklatring, rafting, snowborad, og teltturar. |
|
Solbjørg (19) avlsutta vidaregåande skule i år. Ho var i Cardiff, Wales, i andreklassen. Første og tredje (siste) år gjekk ho på skule i Knarvik. Solbjørg har mange interesser, og er veldig - veldig - aktiv. Og ho kan aldri få reist nok... Ho avslutta gymnaset med svært gode resultat, så ho kan stort sett velja fritt når det gjeld vidareutdanning. I år følte ho at ho måtte ha ein pause. Etter litt fram og tilbake enda ho opp med eitt år på Øytun Folkehøgskule i Alta. Her kosar ho seg verkeleg, og har berre ikkje-teoretiske fag; turgåing, isfiske, skøyter, ski, osb. Ho held fram med å reisa, og har alt vore i Russland. Neste år skal ho til Svalbard ein tur. Solbjørg likar å tøya grensene sine i alle retningar. Kvifor symja når ein like godt kan finna på nye måtar å koma seg ut i vatnet på - ? (Sjå biletet til høgre.) |
|
Astrid er lærar, i tillegg til friviljug arbeid for bygda og kyrkjelyden. Dagane verkar alltid for korte til å få gjort alt som ho har på planen sin. Kanskje ho er litt perfeksjonistisk - ? I alle fall er ho veldig samvitsfull med arbeidet sitt, og tek seg veldig godt av elevane sine. Også Astrid er konfirmantleiar. Ho er med KRIK-gruppa (Kristen Idrettskontakt). Kvar veke samlast denne gruppa i Radøyhallen til symjing og ulike former for ballspel. Astrid er også leiar i barnelaget "Viljen", der ungane lærer å laga ulike ting med hendene sine. Ho har bibeltimar for borna, og kvart år har dei basar til inntekt for fattige born i andre delar av verda. |
|
Etter ein periode med grundige vurderingar av ulike alternativ, bestemte Magne seg for at det gamle firmaet hans ikkje lenger var rette plassen for å gjennomføra visjonen hans. Difor beslutta han ikkje å gå tilbake til Powersim etter permisjonen i 2001. I staden etablerte han eit nytt firma, Dynaplan (Dynamisk Planleggjing). Her utviklar han ny teknologi for planleggjing i privat og offentleg sektor. I sommar bestemte han seg for å starta på doktorgraden. Tema for graden vil vera knytt til teknologi for modellering. Dersom ting går som planlagt, vil han avslutta PhD-graden om ca. tre år. Prosjektet hans er støtta av SCA Packaging, eit internasjonalt konsern med hovudsete i Sverige. Magne er dessutan nokså oppteken med ting i tillegg til familie, studiar og arbeid. Han er leiar for det lokale soknerådet og redaktør for kyrkjebladet Radar. Saman med vår eksellente organist utviklar han heimseidene til kyrkja, og han er leiar av mediagruppa, som er nok ei gruppe for konfirmantar her på Radøy. Som du ser: Me har det bra, heile gjengen. Me er takksame for kvart år som me er velsigna med å vera i lag med familie og vener. I sommar fekk me sjansen til å vitja nokre av venene og slektningane våre. Magnar var med i Norway Cup, og resten av oss blei med til Oslo. Har besøkte me Sigrun (Astrid si "veselsyster") og familien. Me drog også til Sarpsborg og vitja "tante Tulla" og onkel Helge og mange søskenborn. På heimveg stogga me, tradisjonen tru, i Risør. Nokre avslappande og morosame dagar saman med familien Strand er den aller beste måten å lada batteria på; dette er FERIE! Me ynskjer deg ei God Jul og Guds signing i det nye året!
|